fredag 29. august 2008

Siste Haugetun-nytt



Hovedskrifter på Haugetun FHS de 3 siste dagane kan høyrast slik ut:
  • Brannøving midt på natta?
  • Ny shoppoholikar født!
    Mongo Kinamat i Fredrikstad city.
  • Team Velutstyrt- rein ironi?
  • Hihi, ja som du skjønnar har det vore mange mosomheiter denne veka. Natt til Tordag blei me vekt klokka 2.15 av ein forferdeleg høg lyd - brannalarmen. Alle sprang ut av romma sine passelig forvirra å lettkledde inn i gymsalen.. "Ka skjer liksom? Brannøving no?" Neida da va berre nokre fotballguta så hadde vore ute å trent og tatt seg ein dusj etterpå. Dampen hadde utløyst alarmen.. bilde er av korleis døra til fotballnørdane såg ut då dei kom tilbake etter undervisning dagen derpå ;)
Samme dag stakk me til Byen. Der tok meg og Ina turen innom Frisøren og fornya oss litt, for magre 170 kr. Deretter fornya me oss "litt" i klesveien også.. Ska sei deg Linda fekk fart på shoppinga. Resultat: 1 genser, 1 strikkejakke, 2 toppar, 6 truser, 1 BH, div Skulesaker. - Å det er søren meg ikkje dårleg til å vera meg.

Mongo kinamat er rett og slett Mongolsk kinamat. Som igjen er rett og slett EKKELT ! *grøss*

I dag har me hatt den første Quizkvelden - Og det var bara løye ! Mitt og Ina sitt lag, som består av Tone, Marte, Camilla, Lene, kristin og oss heiter... *trommevirvel* TEAM VELUTSTYRT ! Meget intern og impulsiv sak. Men me klarte då å komma på sisteplass. Så "straffo" vår blir å gjer noko for vinnarteamet neste quizkveld. Me gler oss..


onsdag 27. august 2008

1. veka på Haugetun - Sauevika

Ja, då har eg overlevd første veka på folkehøgskulen.

Da har vore ei spennande og utfordrande veka. Har savna alle folko mine heima, ofta så gale at eg berre vil heim. Eg vil og heim pga at eg har litt vanskeleg for å bli kjent med folk.. Men da kjem seg vel etterkvart.. :)

I dag kom me heim frå bli-kjent tur i Hvaler, Sauevika(sjå bilete), etter å ha vore der i 2 1/2 dagar. Da har vore ein kjekk tur, kor me fekk mange muligheta til å snakka med folk me ikkje har snakka med før og prøva nye ting som me ikkje har prøvd før, som vannski, luftgevær, stylter og bruskasse-stabling. Arti, arti !

Og eg kan ikkje unngå å nevna pappbåtane ! Første dagen vart me delt inn i grupper, og der skulle me laga 2 stk pappbåtar. Den eine skulle brukast til å padla med i eit race og den andre til ta-sjansen konkurranse. (sånn som i Holmekollen, veitu) HAHA ! da va morosamt da ! Båten "Snabbmusa" vann racet og "Turtelpower" vann Ta-sjansen.
Ein annan gruppeaktivitet var å laga eit kjent - TV-program som ungkaren og sporten, men det skulle handle om noko som har skjedd denne veka på Haugetun. Gruppa mi laga Sporten, Kor Emil var femi-sportsreportar og Ina si gruppe laga Ungkaren, og Ina fekk den siste rosa !

Ellers har me berre slapa av og kost oss på idyliske sauevika, verkelig ein fin plass !
Alt i alt har det vore ein vellukka bli-kjent tur, eg har kost meg ! :)

Dagane før Sauevika, har me bl.a vore på Harry-tur til Svinesund og på omvisning i Gamlebyen. Me har hatt årets første LT(lørdagstreff) der lærarane stod for underhaldninga - og tru meg dei kunne entertaining ! hoho!
I morgon skal me opplærast i vasking og andre internatoppgåver, og det kan jo verta interesting.. jaja.. Nei no får eg prøva å slutta av, og få meg litt søvn, er ganske så trøytt etter ranglinga på Sauevika ser du, men da er vell sånn da ska vera!

God Natt !

onsdag 20. august 2008

Hællæ !

Ja, då va da dagen, me stor D - Første skuledag på Haugetun FHS. Første dagen i resten av mitt liv :))

Dagen starta tidleg, klokko halv 7, var me utav dørane og på veg mot Karmøylufthamn. Klokko 08.20 var me i lufto, og ein time seinare var me på Garrrderrrmoen. Der venta me ei stund, me masse sommarfuglar i magen til bussen som køyrde oss til Fredrikstad kom. Sommarfuglane forsvant ikkje når me kom på bussen, eg vil heller sei at dei formeira seg og det har dei heldt fram med i heile dag, faktisk.

Då me kom fram og hadde fått romm våre,fekk me tid til å pakka ut og grua oss litt, før det var velkomstsamling i gymsalen. Der tala den ganske så unge rektoren vår(ikkje over 40), Per Morten, og det var diverse "høgkulturelle" inslag frå lærarar og ein syngande vaktmeister. Etter dette var det opprop og me følgde klassekontaktane til klasseromma våre. Ganske skummelt fakisk, men virka så ein kjekke gjeng eg har havna med. Me er 12 stk, 2 gutar og 10 jenter, kor fleirtalet er blondiner. Jupp.

Klokka 17.00 var det "Bli kjent"-tid. Me hadde opprop etter fylka, der me fann ut at me er heile 4 hordalendingar og ein god del trøndera :D Så kom bli kjend leikane, som faktisk var meir morosamt, enn skummelt, utruleg nok :P Lærarane konkurerte om å h den teitaste leiken, og eg vil sei Tormod(Fotball) vann. Hans leik gjekk ut på at me fekk utdelt ein lapp med eit dyr på; me skulle bytta lapp med kvarandre, så lenge det var musikk, og når musikken stoppa skulle me laga lyden til det dyre me hadde på lappen, og så skulle dei me samme dyr finne kvar andre. Du kn tenke deg, 72 elevar som ropar 5-10 ulike dyrelydar. Det gjekk ikkje heilt som Tormod hadde tenkt. høhø..

No sitt meg og Ina på rommet vårt, rom 206, og slappar av. Me har nett vore å åte gode pizzasnurrar,så me er mette og gode, og med hovudet fult av inntrykk og tankar om folkehøgskule-året vårt. Eg trur me ska få det bra her. :)

Over og ut, Kaffikrut !

onsdag 13. august 2008

Det nærmar seg !

Hei, Velkomen till bloggen min :)

No fann eg ut at eg måtte laga meg ein blogg, slik at dåke heima, og andre som måtte vera interesserte , kan lesa kva eg bedriv tida mi med på Haugetun Folkehøgskule og andre plassar eg måtte vera. Trur faktisk det skal bli ein del spenande og kjekke ting å lesa om her inne etterkvart. Det kjem til å verta eit opplevingsrikt år, det finst det ikkje tvil om. Så stay tuned ! ;)

Per dagsdato er det 6 dagar att til fyrste skuledag på Haugetun. Eg glegruar meg. Gledar meg mest då. Det blir fantastisk spenande !!

6, 5, 4, 3, 2, 1.. Så nærme har me aldri vore før.. :)))