Da har vore ei spennande og utfordrande veka. Har savna alle folko mine heima, ofta så gale at eg berre vil heim. Eg vil og heim pga at eg har litt vanskeleg for å bli kjent med folk.. Men da kjem seg vel etterkvart.. :)
I dag kom me heim frå bli-kjent tur i Hvaler, Sauevika(sjå bilete), etter å ha vore der i 2 1/2 dagar. Da har vore ein kjekk tur, kor me fekk mange muligheta til å snakka med folk me ikkje har snakka med før og prøva nye ting som me ikkje har prøvd før, som vannski, luftgevær, stylter og bruskasse-stabling. Arti, arti !
Og eg kan ikkje unngå å nevna pappbåtane ! Første dagen vart me delt inn i grupper, og der skulle me laga 2 stk pappbåtar. Den eine skulle brukast til å padla med i eit race og den andre til ta-sjansen konkurranse. (sånn som i Holmekollen, veitu) HAHA ! da va morosamt da ! Båten "Snabbmusa" vann racet og "Turtelpower" vann Ta-sjansen.
Ein annan gruppeaktivitet var å laga eit kjent - TV-program som ungkaren og sporten, men det skulle handle om noko som har skjedd denne veka på Haugetun. Gruppa mi laga Sporten, Kor Emil var femi-sportsreportar og Ina si gruppe laga Ungkaren, og Ina fekk den siste rosa !
Ellers har me berre slapa av og kost oss på idyliske sauevika, verkelig ein fin plass !
Alt i alt har det vore ein vellukka bli-kjent tur, eg har kost meg ! :)
Dagane før Sauevika, har me bl.a vore på Harry-tur til Svinesund og på omvisning i Gamlebyen. Me har hatt årets første LT(lørdagstreff) der lærarane stod for underhaldninga - og tru meg dei kunne entertaining ! hoho!
I morgon skal me opplærast i vasking og andre internatoppgåver, og det kan jo verta interesting.. jaja.. Nei no får eg prøva å slutta av, og få meg litt søvn, er ganske så trøytt etter ranglinga på Sauevika ser du, men da er vell sånn da ska vera!
God Natt !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar