Ja, då va da dagen, me stor D - Første skuledag på Haugetun FHS. Første dagen i resten av mitt liv :))
Dagen starta tidleg, klokko halv 7, var me utav dørane og på veg mot Karmøylufthamn. Klokko 08.20 var me i lufto, og ein time seinare var me på Garrrderrrmoen. Der venta me ei stund, me masse sommarfuglar i magen til bussen som køyrde oss til Fredrikstad kom. Sommarfuglane forsvant ikkje når me kom på bussen, eg vil heller sei at dei formeira seg og det har dei heldt fram med i heile dag, faktisk.
Då me kom fram og hadde fått romm våre,fekk me tid til å pakka ut og grua oss litt, før det var velkomstsamling i gymsalen. Der tala den ganske så unge rektoren vår(ikkje over 40), Per Morten, og det var diverse "høgkulturelle" inslag frå lærarar og ein syngande vaktmeister. Etter dette var det opprop og me følgde klassekontaktane til klasseromma våre. Ganske skummelt fakisk, men virka så ein kjekke gjeng eg har havna med. Me er 12 stk, 2 gutar og 10 jenter, kor fleirtalet er blondiner. Jupp.
Klokka 17.00 var det "Bli kjent"-tid. Me hadde opprop etter fylka, der me fann ut at me er heile 4 hordalendingar og ein god del trøndera :D Så kom bli kjend leikane, som faktisk var meir morosamt, enn skummelt, utruleg nok :P Lærarane konkurerte om å h den teitaste leiken, og eg vil sei Tormod(Fotball) vann. Hans leik gjekk ut på at me fekk utdelt ein lapp med eit dyr på; me skulle bytta lapp med kvarandre, så lenge det var musikk, og når musikken stoppa skulle me laga lyden til det dyre me hadde på lappen, og så skulle dei me samme dyr finne kvar andre. Du kn tenke deg, 72 elevar som ropar 5-10 ulike dyrelydar. Det gjekk ikkje heilt som Tormod hadde tenkt. høhø..
No sitt meg og Ina på rommet vårt, rom 206, og slappar av. Me har nett vore å åte gode pizzasnurrar,så me er mette og gode, og med hovudet fult av inntrykk og tankar om folkehøgskule-året vårt. Eg trur me ska få det bra her. :)
Over og ut, Kaffikrut !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar